Laurdag er det Aktivitetsdag.
Då skal alle velje seg ein aktivitet.
Når den er full så vil du få beskjed om det. Då finn du ein ny aktivitet.
Ingen skal melde seg på 2. eller 3. alternativ. Det vil ikkje bli teke hensyn til det.
1 MiniatyrskytingDu får lære miniatyrskyting og stell av våpen. 15 deltakarar
2 Hest - nybegynnarHer får du lære om stell, påsaling og enkle rideøvingar. Passar for dei som er ferske i faget. 10 deltakarar. Eigenandel: kr. 100.-
3. Hest – vidarekomneHer får du lære om stell og riding. Gruppa passar for dei som har erfaring frå før. 10 deltakarar
Eigenandel: kr. 100.-
4. Livet på GjermundnesgardenHer får de sjå og oppleve det som rører seg på Gjermundnes. De får besøkje dyra, m.a.: gris, sauer, kopplam og kviger på beite. De får vere med og oppleve Gråtassen (gamletraktoren) og også meir moderne utstyr. I det heile er det mykje spennande å sjå og oppleve på den store garden. 20 deltakarar
5. BogeskytingBogeskyting er ein gammal tradisjon. Om du er med her får du lære å skyte med konkurransebogar. 10 deltakarar
6. Hekle di eiga hueHer får du lære enkle hekleteknikkar og du får lage di eiga tøffe ”beanie”-huve eller ”headband” a la Kari Traa. 20 deltakarar
7. VolleyballHer blir det ein del speling og slagtrening. Det vil og bli trena på litt reglar. 24 deltakarar.
8. TovingDamene på Hau'n Håndlaga i Innfjorden er proffe tovarar og vil ta imot ei gruppe. Her får de lage flotte sitteunderlag med eigenkomponerte mønster. 10 deltakarar. Eigenandel: kr 250.-
9. FørstehjelpTresfjord Røde Kors lærer oss førstehjelp som er nyttig for alle å kunne. 15 deltakarar
10. Volleyball dommarMykje gjennomgang av reglar, men også litt speling. Den som skal delta her må ha litt basiskunnskap om volleyball. 12 deltakarar
11. SwingSvingande rytmer og mykje moro! 26 deltakarar. Eigenandel.
12. FotokursPå fotokurset vil det bli litt teori om kor fotoapparatet fungerer og de får lære å finne motiv og komponere bilete. Litt redigering på datamaskin. 10 deltakarar. Eigenandel: kr. 150.-
13. TaekwondoTaekwondo er ein spennande og allsidig treningsform. På dette kurset får du enkel innføring i idretten. 25 deltakarar
14. SpikkingVed hjelp av riktig kniv og riktig bruk av kniv kan du lage mange artige og fine ting. 12 deltakarar. Eigenandel: kr. 100,-
15. Mat på takkeI kjellaren på gamleskulen er det laga til eit gammal og koseleg kjøkken. Her får gruppa boltre seg med å lage god mat på takke i eit spesielt miljø. 12 deltakarar.
16. TradisjonsmatMedlemmer frå Tresfjord bygdekvinnelag vil lære oss god norsk tradisjonsmat. Dei lovar mange gode smaksprøver. 10 deltakarar.
17. FotballHer blir det mykje speling, og trening på reglar. 24 deltakarar
18. MekkingI verkstaden på Gjermundnes er det masse utstyr og mykje som kan mekkast på. Fin aktivitet for dei som likar å bli svart på fingrane. 12 deltakarar
19. Opplevingar i villmarksleirDesse aktivitetane foregår i Vestkyst Safari sin villmarksleir på Vestnes med proffe instruktørar
Her er litt av det de får vere med på:
* Rotur med ein 150 år gammal trebåt ”Svarthavsdronninga”. 10 mann sit ved årane og skal ro og manøvrere i takt – stikkord samhandling!
* Kameratredning med kano. Vi disponerer våtdrakter og alle som ønskjer kan få prøve seg på dette.
*Tjørebrenning. Brenninga vil vere en kontinuerlig prosess.
* Mat – det vil vere mulig for alle å steike si eiga vaffel eller sitt eige potetgull over bålvarme.
* Fiskemuligheiter. Vi set bl.a. ut ”sniker”. Eigenandel: kr. 150.-. 30 deltakarar.
20. Leiar på leir.Du som skal vere med som leiar på leir melder deg på her om du ikkje har heilt spesielle ønskje om ein av aktivitetane. Vi ønskjer at deltakarane skal ha førsteprioritet på aktivitetane. Kanskje vi finn på ein eigen aktivitet som leiarane kan ha for seg sjølv...
HUGSELISTE OVER DET DE TRENG Å TA MED – det er lurt å samordne dette med resten av klubben:
- Telt (og plast til å ha over teltet om det trengst.)
- Sovepose og liggeunderlag
- Regnklede, godt fottøy og støvlar
- Lettare kle / Varme kle
- Badetøy
- Toalettsaker
- Tørrmat – lurt å samarbeide med dei andre i teltet eller klubben
- Tallerken og bestikk
- Matboks og drikkeflaske til lunsj
- Enkelt førstehjelpsutstyr
- Nødvendig medisin som du treng
- Solkrem og myggmiddel
- Skrivesaker
- Kveldsunderhaldning
- Liten ransel eller rumpetaske til å ha verdisaker og andre viktige ting i når du er ute i leirområdet eller på aktivitet. Du har sjølv ansvaret for verdisakene dine. Tenk over kva du
har med. Du treng og ein liten sekk når du skal på tur. Lommepengar til bruk i kiosken, butikken og miljøtorget. Det er ikkje minibank i leirområdet, og leirbutikken og miljøtorget har ikkje bankterminal.