4H Norges målsetting uttrykkes gjennom 4H-løftet:
"Vi lover å arbeide mot det mål å bli en ungdom med
klart Hode, varmt Hjerte, flinke Hender og god Helse"

onsdag 11. mai 2011

Påmelding til fylkesleir

Vi nærmer oss påmeldingsfristen til fylkesleiren på Gjermundnes.

Vi oppfordrer ALLE til å melde seg på!

Fylkesleiren 2011 23. juni – 26. juni på Gjermundnes
vidaregåande skule på Vikebukt, Vestnes kommune
Fylkesleiren er for alle 4H-arar i Møre og Romsdal som har betalt kontingenten sin for 2011.

Påmelding: Siste påmeldingsfrist er sett til 15. mai
og påmeldinga skal skje på medlemsregisteret. Du finn heimesida til www.4h.no/moreogromsdal. Der kan du enten gå direkte til Min side eller finn kallendaren og trykk på 23. juni.
Manglar du medlemsnummer eller passord så få leiaren eller rådgjevaren til å gå inn i medlemsregisteret og finne medlemsnummeret ditt. Då kan dei samtidig legge inn rett e-postadresse på deg om det ikkje er gjort før. For om du har glømt passordet ditt så må du
trykke på glemt passord og du får det tilsendt på e-posten din.

Vaksne leiarar: Det bør vere ein vaksen leiar pr. 10 barn. Har de problem med å finne nokon som vil vere med så går det an å avtale med ein naboklubb. Vaksne kan og dele opphaldet (første halvparten – andre halvparten). Det må sjølvsagt vere klubben som betaler for dei vaksne leiarane.

Volleyball og tautrekking: Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klasser; aspirant og juniorklasse og seniorklasse der det vert kjempa om vandrepokal i begge klasser. Innmelding av lag seinast torsdag kl 23.00 til leirkontoret.

Tun: Vi skal sjølvsagt dele leirområdet opp i tun. Tunet består som regel av fleire klubber, men alle i same klubb får bo i same tun. Alle skal før leiren få vite kven de skal bu i tun ilag med. Tema for tuna blir Hand of Hope.

Miljøtorg: Tradisjonen tro stiller Moral 4H med miljøtorg.

Butikk/kiosk: Det blir butikk/kiosk i leiren der de får kjøpe dei mest vanlege og naudsynte
varene. Det blir og Grøn kiosk.

Deltakaravgift:
Kostnad: Deltakaravgift: kr. 600, Leiarar kr. 300, Landsleirdeltakarar kr. 300.
Dette dekkjer middag 4 dagar, mjølk til brødmåltida og dei fleste aktivitetane. På nokre av dei dyraste aktivitetane må de betale ei tilleggsavgift.
I veke 21/22 vil alle få innbetalingsfaktura på leirkontingenten med betalingsfrist 13. juni.
Den som melder seg på/betaler etter fristen vil få ei tilleggsavgift på kr. 200.-
Eigenandelen på aktivitetane betaler du ved ankomst leiren.

PROGRAM

Torsdag den 23. juni:
Frå kl. 15.00 Frammøte og leirbygging
Opning.
Grilling
Miljøtorg
Fredag en 24. juni:
Klubbstafett
Tunkonkurranse
Volleyballkampar
Tunsjefsamling
Kveldsprogram med tuntevling der
temaet er Hand of Hope.
Miljøtorg
Laurdag den 25. juni:
Aktivitetsdag
Volleyballkampar. Tautrekking.
Tunsjefsamling
Diskotek
Søndag den 26. juni:
Volleyball - finalar
Tautrekking - finalar
Rydding
Premieutdeling – Avslutning
Middag
Heimreise
Slutt ca kl. 15

Tema for tuna blir ”Hand of Hope!
Når det gjeld bygningsmateriale til tuna så må klubbane ta med seg det dei treng. Litt småskog kan de få ta ned etter anvisning.