4H Norges målsetting uttrykkes gjennom 4H-løftet:
"Vi lover å arbeide mot det mål å bli en ungdom med
klart Hode, varmt Hjerte, flinke Hender og god Helse"

fredag 27. mai 2011

onsdag 11. mai 2011

Aktivitetsval på fylkesleiren

Laurdag er det Aktivitetsdag.
Då skal alle velje seg ein aktivitet.
Når den er full så vil du få beskjed om det. Då finn du ein ny aktivitet.
Ingen skal melde seg på 2. eller 3. alternativ. Det vil ikkje bli teke hensyn til det.

1 Miniatyrskyting

Du får lære miniatyrskyting og stell av våpen. 15 deltakarar
2 Hest - nybegynnar
Her får du lære om stell, påsaling og enkle rideøvingar. Passar for dei som er ferske i faget. 10 deltakarar. Eigenandel: kr. 100.-
3. Hest – vidarekomne
Her får du lære om stell og riding. Gruppa passar for dei som har erfaring frå før. 10 deltakarar
Eigenandel: kr. 100.-
4. Livet på Gjermundnesgarden
Her får de sjå og oppleve det som rører seg på Gjermundnes. De får besøkje dyra, m.a.: gris, sauer, kopplam og kviger på beite. De får vere med og oppleve Gråtassen (gamletraktoren) og også meir moderne utstyr. I det heile er det mykje spennande å sjå og oppleve på den store garden. 20 deltakarar
5. Bogeskyting
Bogeskyting er ein gammal tradisjon. Om du er med her får du lære å skyte med konkurransebogar. 10 deltakarar
6. Hekle di eiga hue
Her får du lære enkle hekleteknikkar og du får lage di eiga tøffe ”beanie”-huve eller ”headband” a la Kari Traa. 20 deltakarar
7. Volleyball
Her blir det ein del speling og slagtrening. Det vil og bli trena på litt reglar. 24 deltakarar.
8. Toving
Damene på Hau'n Håndlaga i Innfjorden er proffe tovarar og vil ta imot ei gruppe. Her får de lage flotte sitteunderlag med eigenkomponerte mønster. 10 deltakarar. Eigenandel: kr 250.-
9. Førstehjelp
Tresfjord Røde Kors lærer oss førstehjelp som er nyttig for alle å kunne. 15 deltakarar
10. Volleyball dommar
Mykje gjennomgang av reglar, men også litt speling. Den som skal delta her må ha litt basiskunnskap om volleyball. 12 deltakarar
11. Swing
Svingande rytmer og mykje moro! 26 deltakarar. Eigenandel.
12. Fotokurs
På fotokurset vil det bli litt teori om kor fotoapparatet fungerer og de får lære å finne motiv og komponere bilete. Litt redigering på datamaskin. 10 deltakarar. Eigenandel: kr. 150.-
13. Taekwondo
Taekwondo er ein spennande og allsidig treningsform. På dette kurset får du enkel innføring i idretten. 25 deltakarar
14. Spikking
Ved hjelp av riktig kniv og riktig bruk av kniv kan du lage mange artige og fine ting. 12 deltakarar. Eigenandel: kr. 100,-
15. Mat på takke
I kjellaren på gamleskulen er det laga til eit gammal og koseleg kjøkken. Her får gruppa boltre seg med å lage god mat på takke i eit spesielt miljø. 12 deltakarar.
16. Tradisjonsmat
Medlemmer frå Tresfjord bygdekvinnelag vil lære oss god norsk tradisjonsmat. Dei lovar mange gode smaksprøver. 10 deltakarar.
17. Fotball
Her blir det mykje speling, og trening på reglar. 24 deltakarar
18. Mekking
I verkstaden på Gjermundnes er det masse utstyr og mykje som kan mekkast på. Fin aktivitet for dei som likar å bli svart på fingrane. 12 deltakarar
19. Opplevingar i villmarksleir
Desse aktivitetane foregår i Vestkyst Safari sin villmarksleir på Vestnes med proffe instruktørar
Her er litt av det de får vere med på:
* Rotur med ein 150 år gammal trebåt ”Svarthavsdronninga”. 10 mann sit ved årane og skal ro og manøvrere i takt – stikkord samhandling!
* Kameratredning med kano. Vi disponerer våtdrakter og alle som ønskjer kan få prøve seg på dette.
*Tjørebrenning. Brenninga vil vere en kontinuerlig prosess.
* Mat – det vil vere mulig for alle å steike si eiga vaffel eller sitt eige potetgull over bålvarme.
* Fiskemuligheiter. Vi set bl.a. ut ”sniker”. Eigenandel: kr. 150.-. 30 deltakarar.
20. Leiar på leir.
Du som skal vere med som leiar på leir melder deg på her om du ikkje har heilt spesielle ønskje om ein av aktivitetane. Vi ønskjer at deltakarane skal ha førsteprioritet på aktivitetane. Kanskje vi finn på ein eigen aktivitet som leiarane kan ha for seg sjølv...

HUGSELISTE OVER DET DE TRENG Å TA MED – det er lurt å samordne dette med resten av klubben:
- Telt (og plast til å ha over teltet om det trengst.)
- Sovepose og liggeunderlag
- Regnklede, godt fottøy og støvlar
- Lettare kle / Varme kle
- Badetøy
- Toalettsaker
- Tørrmat – lurt å samarbeide med dei andre i teltet eller klubben
- Tallerken og bestikk
- Matboks og drikkeflaske til lunsj
- Enkelt førstehjelpsutstyr
- Nødvendig medisin som du treng
- Solkrem og myggmiddel
- Skrivesaker
- Kveldsunderhaldning
- Liten ransel eller rumpetaske til å ha verdisaker og andre viktige ting i når du er ute i leirområdet eller på aktivitet. Du har sjølv ansvaret for verdisakene dine. Tenk over kva du
har med. Du treng og ein liten sekk når du skal på tur. Lommepengar til bruk i kiosken, butikken og miljøtorget. Det er ikkje minibank i leirområdet, og leirbutikken og miljøtorget har ikkje bankterminal.

Påmelding til fylkesleir

Vi nærmer oss påmeldingsfristen til fylkesleiren på Gjermundnes.

Vi oppfordrer ALLE til å melde seg på!

Fylkesleiren 2011 23. juni – 26. juni på Gjermundnes
vidaregåande skule på Vikebukt, Vestnes kommune
Fylkesleiren er for alle 4H-arar i Møre og Romsdal som har betalt kontingenten sin for 2011.

Påmelding: Siste påmeldingsfrist er sett til 15. mai
og påmeldinga skal skje på medlemsregisteret. Du finn heimesida til www.4h.no/moreogromsdal. Der kan du enten gå direkte til Min side eller finn kallendaren og trykk på 23. juni.
Manglar du medlemsnummer eller passord så få leiaren eller rådgjevaren til å gå inn i medlemsregisteret og finne medlemsnummeret ditt. Då kan dei samtidig legge inn rett e-postadresse på deg om det ikkje er gjort før. For om du har glømt passordet ditt så må du
trykke på glemt passord og du får det tilsendt på e-posten din.

Vaksne leiarar: Det bør vere ein vaksen leiar pr. 10 barn. Har de problem med å finne nokon som vil vere med så går det an å avtale med ein naboklubb. Vaksne kan og dele opphaldet (første halvparten – andre halvparten). Det må sjølvsagt vere klubben som betaler for dei vaksne leiarane.

Volleyball og tautrekking: Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klasser; aspirant og juniorklasse og seniorklasse der det vert kjempa om vandrepokal i begge klasser. Innmelding av lag seinast torsdag kl 23.00 til leirkontoret.

Tun: Vi skal sjølvsagt dele leirområdet opp i tun. Tunet består som regel av fleire klubber, men alle i same klubb får bo i same tun. Alle skal før leiren få vite kven de skal bu i tun ilag med. Tema for tuna blir Hand of Hope.

Miljøtorg: Tradisjonen tro stiller Moral 4H med miljøtorg.

Butikk/kiosk: Det blir butikk/kiosk i leiren der de får kjøpe dei mest vanlege og naudsynte
varene. Det blir og Grøn kiosk.

Deltakaravgift:
Kostnad: Deltakaravgift: kr. 600, Leiarar kr. 300, Landsleirdeltakarar kr. 300.
Dette dekkjer middag 4 dagar, mjølk til brødmåltida og dei fleste aktivitetane. På nokre av dei dyraste aktivitetane må de betale ei tilleggsavgift.
I veke 21/22 vil alle få innbetalingsfaktura på leirkontingenten med betalingsfrist 13. juni.
Den som melder seg på/betaler etter fristen vil få ei tilleggsavgift på kr. 200.-
Eigenandelen på aktivitetane betaler du ved ankomst leiren.

PROGRAM

Torsdag den 23. juni:
Frå kl. 15.00 Frammøte og leirbygging
Opning.
Grilling
Miljøtorg
Fredag en 24. juni:
Klubbstafett
Tunkonkurranse
Volleyballkampar
Tunsjefsamling
Kveldsprogram med tuntevling der
temaet er Hand of Hope.
Miljøtorg
Laurdag den 25. juni:
Aktivitetsdag
Volleyballkampar. Tautrekking.
Tunsjefsamling
Diskotek
Søndag den 26. juni:
Volleyball - finalar
Tautrekking - finalar
Rydding
Premieutdeling – Avslutning
Middag
Heimreise
Slutt ca kl. 15

Tema for tuna blir ”Hand of Hope!
Når det gjeld bygningsmateriale til tuna så må klubbane ta med seg det dei treng. Litt småskog kan de få ta ned etter anvisning.